Vilde nr.2 i Grimstadvatnet rundt
Det 3. løpet i årets karusell vart arrangert under litt vanskelege forhold laurdag ettermiddag. Det var glatte vegar denne dagen.
Strøbilen som skulle strø løypa før start punkterte undervegs. Dermed blei berre deler av løypa strødd.
Under desse forholda imponerte Joakim Gustavsen med ny personleg rekord rundt vatnet. Han fekk tida 28,43 sek. og blei med soleklar vinnar av klassa under 17 år og nr. 2 av alle løparne rundt vatnet denne gangen. Berre slått av vinnaren i seniorklassa Andre Hammerø Løseth frå Kristiansand IF. Nr. 3 blei Joar Moldskred denne gangen slått i spurten i Joakim.
Dameklassa I dameklassa var det nye fjes som dominerte. Seieren i seniorklassa gjekk til Ingvild Årøen Lein frå Bjørgvin føre Vilde Ottestad frå Molde. Ingvild fekk tida 34,47 mens Vilde vart klokka inn på 34,55.
Jenny best i yngste klasse I jenteklassa under 17 år blei Jenny Stokkevåg Berg, Dimna IL best. Ho fekk tida 35,19 i sitt første løp rundt vatnet. Ho blei 3. beste jente rundt vatnet. Alle resultater fra Grimstadvatnet rundt
på Dimna sine heimesider.